tirsdag 14. juli 2009

Påveg til Bergen!

Etter ei natt med uling i riggen va da deilig å våkna til sol og lett bris frå sør, rett og slett shortsver8-) No e me utanfor Flesland, vestre leia! Ola søv og far klarte ikkje å dy seg, rota fram gennakeren og satte på spydet igjen... Tross tung jolle med motor lagde me hakkemat av ein Bavaria 37 8-) hihi, at den ikkje hadde gennakeren va ikkje vår feil... Men no e da motor igjen, kun flau vind igjen! Mykje motstraum så dette tar tid, men Amund mase ikkje om me e framme lengre og Ola søv fortsatt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar