lørdag 4. juli 2009

Vindusreperasjonar! 5-6. juli

Rett før Seilmakeren fekk me i all hast limt opp igjen vindauga på styrbordside, dei hadde då ikkje tid og materialar til å ta på den andre sida som på det tidspunktet var i orden. Når dei no reiste forbi tok dei likevel babordside, det er tydelig begynt å løsne her også, sjølv om det har vore heilt tett til no. Dette er ein utrulig krevande prosess der båten må få ligge stille utan vibrasjonar dei påfylgjande 24 timane. Dermed vart det ikkje tid til noko seiltur denne helga... Synd sidan dette er slutten på det fantastiske godveret me har hatt i snart 14 dg. Dermed vart det bilen til Koløya og besøk til Tormod m/fam som har leigd hytte der. Nydelig plass og kjekt å få studert 09` Viksund 340en som søstra til Tormod m/fam hadde leigd, flott båt, men 2,7 mill????? Den hadde nok kosta 3 Hanse 350ar og har ikkje betre plass, berre ørliten høgare marsjfart, 27 mot 7 knop:) Men så brukar denne 50 literi timen og vår 2,5...:). Men for all del eg skjønnar dei som trives ombord i ein slik...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar