tirsdag 11. august 2009

Haustens fyrste tirsdagsseilas!








Kjekt å komma i gong igjen etter ferien, 7 båtar stilte med start frå Leirvik, styrbord Hidle. Lett vind frå vest-nord-vest. På FRI var Johnny og Leif Rune med i tillegg til meg og pappa. Me kom for langt over startlinja før start og måtte derfor jobba med å komma oss tilbake og fekk derfor ikkje starta der me hadde tenkt. Litt som resultat av at me trudde me skulle vente på Sundance... Vel, resultatet vart at me fekk ein ugunstig vinkel på gennakeren og sleit ned mot Ystøya. Svært skiftande vind hjalp heller ikkje. Ned mot runding Hidle gjekk det greit når me omsider fekk satt bommen på gennakeren slik me har i måletbrevet, men til no ikkje har hatt trent nok mannskap til å tulle med i regatta. Det viste seg i periodar å gi betre fart på kursar eg tidlegare ikkje har trudd at det ville vere noko poeng å nytte bommen, uansett. Ved runding Hidle gjekk me inn eit eige lite stillebelte og sleit skikkelig med å komme oss rundt i den sterke straumen. Eg begynte å sjå etter nøklane for me kom altfor nære grunna der..., men me kom oss rundt, men vart henta inn av Shantynetten og Sundance som kunne kontrollere seg utanfor vindstilla. Litt kluss når gennakeren skulle ned gjorde den våt. På kryssen opp over igjen gjekk det betre, Leif likte det nye seile og syns båten går klart betre enn før. Litt uflaks med slaga i den skiftande vinden gjorde at me måtte gi frå oss overtaket på Sundancen. I tillegg kom Ove sterkt på slutten og slo oss på LYS, resultat 5 av 7. Ikkje heilt som håpa.

Tilbake seilte me saman med Sundance og erfarte at det ikkje blir lett å slå ein Express, noko me forsåvist viste frå før:) Båtfarten er ganske så lik, noko LYS-tallet vårt ikkje skulle tyde på!

FRI slår eit slag for start presis kl. 1800! (slik sleppe me at det sklir ut). Uansett hadde ikkje dette noko med plasseringa vår å gjere i dag, så ikkje nokon trur me kjem med dårlege unnskyldningar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar