tirsdag 18. august 2009

Tirsdagsseilas frå Eldøyane








Lett vind frå sør-sør-vest. 7 båtar stilte til start med babord Klasen og Hestholmsflua. Leif Rune og pappa var med i dag. Kort oppsummert, middelsstart, god kryss til runding (all ære til Leif Rune), så rot med gennakeren, tapte dyrebar tid, grei gennakerseiling tilbake, men med ein sterk følelse av at båtane bak hadde meir vind (er det ikkje alltid slik;). Flott tur, nr. 2 i mål, men reknar med ras på lista ifht korrigert tid, kjapp hoderekning, bak Amelie, Sundance og den danske Granadaen og svært likt med Shantynetten, men antakelig 5. plass igjen. Hmmm. Det er tøft å hevde seg, det skal vere sikkert.
REDIGERT 19.8: Plassering nr. 4, ca 30 sek før Shantynetten på korrigert tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar