onsdag 24. mars 2010

Prosjektstatus - oppdatering

Litt oppdatering, etter at eg fann passande beslag til klaffa på Maritim i Bergen slik at eg kunne montere VHFen der eg ville ha den så var det berre å gjere seg ferdig... Denne klaffa var litt lei då hengslene umuliggjorde monteringa så desse måtte bort og eg måtte finne ei løysing for montering der ingenting viste på framsida samtidig som klaffen satt godt fast. I tillegg måtte den kunne tas bort ved behov for å komme til ledningar og monteringar bak... Vel, nokre klips til 20 pr stk (slike som heldt fast dørar i lukka stilling) på Maritim gjorde susen... Har tenkt ei stund på korleis eg skulle ordne dette, det vart supert...

Manglande hullsag som passa vart også kjøpt inn slik at håndsettet ute også kunne monterast ferdig...

Gennakeren er levert til Seilmakeren som skal fikse det dei gløymte kostnadsfritt og trøbblet med ein gassventil som ikkje passa er løyst med å levere tilbake til Maritim og bestille sjølv direkte frå Tyskland...






Ser litt amatørmessig ut på baksida, men brukar ikkje tid på finish der ingen ser, det er solid og klaffa sitt som skrudd og kan likevel tas bort enkelt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar