tirsdag 11. mai 2010

Representantar frå Hanse på Stord!

I dag kom reparasjonsteamet frå Tyskland, det er 3. gongen dei er på Stord og fiksar på vindauga/luker i båten. Når båten var ny vart det gjort div reparasjonar i Stavanger, men etter det har det stort sett vore lekkasjar frå vindu/luker som har vore problemet. Hanse har nytta lim i stor grad og fekk i 2008 store problem med eit limprodukt som også andre store fabrikkar har nytta seg av (vår båt er sjølvsagt ein 2008 modell).

UV-strålene ødlegg primeren og dermed slepp limet... Det som vart limt på nytt i fjor er fortsatt 100%, denne gongen er det meir tradisjonelle vindauga med karm som lekk, samt den store luka framme. Tippar feilen her er dårlig montering (for lite sika), men to av 4 luker i overbygget skal også byttast, ein ser lett at limet held på å sleppe (flushlukene har limte karmar). Vel, det nyttes lim i stor utstrekning på F-16 fly så at det er mulig å få til å halde er ingen tvil om... Alle feila til tross, me trivest særs godt med båten og kjem til å behalde den lenge... Den gode nyheten i dag er at me likevel får ny badeplattform, då vart me jammen enig om det også:)

Som om ikkje dette var nok har me også fått ein sprekk i eksosbendet på Yanmaren, det er 2. feil på denne på 2 år så det er ikkje berre båtfabrikkane som må skjerpe seg. Nytt er mottatt og forhåpentlegvis får me det på garantien, men det er ikkje sikkert sidan importøren er konkurs er det berre 2 års garanti og eg oppdaga feilen etter 2 år og 2 veker! Men det ser ut til å pågått ei stund så det er håp... Slike deler har jo ein latterleg pris... fleire tusenlappar for ein liten metallklump!

MEN, pga reparasjonane i dag må båten ligg i ro i eit døgn slik at limet skal få herde i fred, dermed ryk også årets 2. tirsdagseilas og jammen ryk den 3. også, neste tirsdag, då er det transportetappe til Askøy ifbm Seilmakeren som startar onsdag 19. mai! MEN, me kjem sterkt tilbake:)

Sidan importøren er gått konkurs syns eg det er prisverdig at fabrikken er sitt ansvar bevisst også for båtar som no er blitt eit par år og no reiser rundt i heile Norge for å håndtere reklamasjonar, Nelson Marine ikkje klarte å få gjort noko med...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar