søndag 22. august 2010

Håkonar - del 2






Laurdagen vart ein trivelig affære, mykje lott og løye med gjengen frå Sundance ombord etter konserten, før turen gjekk til hotellet og så ein tur innom Kultur og Idrettsbygget før me gjekk relativt tidlig i båten. Søndagen byrja med ein elendig start på Fitjar, me vart igjen for seine til start (2. gong i år), me treng tydeligvis å berekne meir tid. Ei vase på storseilskjøtet gjorde at tidsramma sprakk og dermed gjekk starten med ein gennaker som var langt fra klar til å sleppe ut av sekken, men det gjekk på eit vis og når røyken hadde lagt seg ombord innsåg me at dei fleste andre hadde valgt å ikkje nytte gennaker/spinnaker ut Fitjarvika, men me såg 8,5 knop fleire gonger og tok raskt inn feltet, men med berre skipper og rederinne ombord vart dette i tøffaste laget, spesielt etter tilløp til brannsår på fingrane i dei verste råsene, der me måtte la skjøte gå. Handskar med opne fingrar er behagelege å ha på, men fungerte dårlig i dag! Nedtakinga gjekk fint og me syns me seila bra etter dette, på det beste ved Engevik hadde me 4 båtar bak oss, men Vea Flyer gjekk nermare Tysnes og for til slutt i frå oss, men me var ikkje langt bak i mål, ca 6 minutt på korrigert tid. Det holdt til ein 7. plass i dag av 9 startande båtar, men likevel sist samenlagt. No vert poengsystemet nytta i samanlagt resultatet, men det var litt oppløftande å sjå at dersom me la saman tidene dei to dagane hadde me havna på ein 7. plass samanlagt:) Det mest morsomme med å legge saman tidene var at No Limit og Average Joe hadde ein forskjell på berre 0,44 sekunder korrigert tid! Slå den etter 6 og ein halv times seglas! Uansett har No Limit imponert stort med samanlagt sigeren og framifrå segling og det utan å ha brukt 100 tusner av kroner på dyre segl:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar