tirsdag 17. august 2010

Tirsdagsseilas!

Fyrste tirsdagsseilas i haust for FRI. Johnny og faderen som mannskap. Start/mål Eldøyane med babord Otterøya, svært lite vind i periodar og tilløp til omstart på slutten gjorde plasseringane noko tilfeldige, men 6. plass av 8 på korrigert tid var svakt sjøv om det jo som kjent er kjiipt å ha høgt lystall når det vert vindstille mot slutten, 3. båt i mål bak Average Joe fyrst og Gambler som nr. 2. Veldig kjekt å sjå Elisabeth II (eller er det fortsatt Cloelia?) for fyrste gong, sjølv om dei godt kunne holdt seg bak oss på den fyrste regattaen i det minste:) Men det var varmt og godt og ein fin tur på fjorden. Forsøk på innhal på fokka vart ikkje så bra, men må testast meir på skarp kryss... No er Håkonar nesten med fruen og naboane Alf og Hege som mannskap... Det gler me oss stort til:)

Sendt fra min HTC

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar