fredag 17. september 2010

Southampton BoatShow - singelhanded!
















Årets gutatur er lagt til London med fotballkamp som høgdepunkt for 6 av 7 deltakara. Den sjuande er derimot betydeleg meir opptatt av båt og som eit lykketreff er det Southampton Boatshow samtidig. Avvikaren hoppa av på Gatwick og tok direktetog til Southampton, singelhanded og 9 timar seinare sitt eg no på toget til London, med slitne bein, men med eit bredt flir om munnen, dette var utrulig kjekt! Over 100 bilder er tatt, oppdatering kjem i neste veke. Men som bilde viser Dehler 35 kom høgt på lista, Bavaria 40 imponerte meg også, antar den får langt lågare LYS enn FRI;), dermed er den interesant som kombinasjonsbåt. Elan 350 skuffa meg innvendig, plastikk look, Dehleren går den ein høg gong der, men det er nok gløymt når Elanen planar avgårde. XC50 var fantastisk, samme gjeld prisen, Pacer 376 frå Sør-Afrika var spennande med enorm romfølelse nede, trass reinspikka regattabåt. Jeanneau 409 var flott samme med nye Hanse 445. Eg likte også First 35 veldig godt, Arcona var også fantastisk fine. Sense 50 frå Beneteau var også ein spanande nyhet, dog på samme konsept som Moody 45...+++++
Har ellers fått ein del gode tilbud på genoa 1, men kva skal eg skylde på om eg investerte i det også?... Blir neppe i år...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar