tirsdag 7. september 2010

Tirsdagsseilas 07. september




Kraftig vind frå sør-aust opna ballet denne gongen der dei 7 båtane skulle seile frå Leirvik med babord runding Hidle, i fantastisk september vèr med meg og faderen ombord i FRI. Me valgte ein sørlegare kurs over fjorden enn alle andre, me fekk god høgde, men midtfjords kom me i tvil om det faktisk var babord runding så langt nord som alle andre gjekk. Me satte stikk i skjøtene og irriterte oss over at me ikkje hadde fått med oss at det var endra til styrbord runding... MEN så vips slår dei fremste ved Hidle og me innser at me har rota vekk mykje høgde over fjorden når det då likevel er babord runding, men, men... Gjeld å stole på seg sjølv:) Likevel var me ikkje langt bak Silje ved Hidle. Den sterke vinden og berre to ombord gjorde at me ikkje hadde laga klart for gennakeren, det var ein anna tabbe for på tilbakevegen vart det perfekt gennakerføre i lett vind. Fyrst ute i fjorden igjen kom gennakeren opp, dyrebar tid tapt, men me syns ellers det gjekk fint tilbake til Leirvik, 3. båt i mål, men Sundancen var rett bak og Ove tok oss også, denne kvelden med 2 minutt på korrigert tid så me vart sist av spinnakerbåtane igjen! Uansett, etter at me har pussa skjegget av langs vannlinja, syns eg båten gjekk bedre og me har vore lengre bak både Silje og Avergae Joe tidlegare enn dette så her er det håp:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar