onsdag 13. oktober 2010

Haustferie og onsdagsseilas!





Som gressenkemann fram til søndag utan større prosjekt i huset kan ein ikkje la høve gå frå seg til å bruke båten. Eg har like godt flytta inn, utrulig triveleg å ligge på Leirvik med gangavstand til jobb og mykje besøk på kveldane. Her går det i Grete Rode mat som ein ser:) I går var det havblikk då eg tok båten til Leirvik og dermed vart tida nytta til å skifte olje på varm motor når eg kom fram, så var det gjort for vinteren.
I dag seila me (eg og faderen) "onsdagsseilas". Etter at det offisielle programmet no er over, tok Torodd initiativ. Bra! Dessverre vart det berre oss og Average Joe denne gongen, men me fekk ein fin tur rundt holmane utanfor Leirvik i svært lett vind. AJ hadde ikkje med gennakeren og etter halvgått løp var me faktisk fyrst:), FRI sklir greit og gennakerhåndteringa går fortsatt bra, dette ser lovande ut føre Klasen på laurdag! Dessutan har me fått ein liten vitamininnsprøytning framver som du kan lese meir om i neste innlegg:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar