mandag 18. oktober 2010

Klasen 2010!






Søndagmorgon var det på høg tid å ta båten til Eldøyane og gjere slutt på fantelivet for denne gong, men det fristar til gjentaking. Eg trur eg kunne trivdes som båtbuar...

Årets "Klasen" med avslutning på gml "Sjøhuset" vart ein glimrande avslutning på sesongen. Regattaen gjekk av stabelen i flott haustvèr med heile 11 båtar til start. FRI stilte med innleigd mannskap, Jon Gunnar frå Hardanger, i tillegg til faderen. Kjekt å ha med nye folk som har nye idear og kunnskap. Me på FRI syns den nye løypa var spanande, med mange taktiske utfordringar samtidig som det alltid vil bli mange forskjellige vinklar med denne løypa.

Etter ein svært god start til oss å vere låg me flott til rett før Terneskjær med berre raskare båtar før, Average, NoLimit, Storm og Silje, men som alle desse segla me oss inn i vindstilla og kunne berre sitte å sjå på dei bak som kom fossande nedover, på anna kurs. Dei runda Terneskjær og fossa tilbake mot Titelsnes, medan me måtte innsjå at 0.0 på loggen er dårlig nytt og forferdelig frustrerande. Me fekk heldigvis vind nok til å kjempe oss rundt Terneskjær, det var i siste liten, Cloelia rett bak, kom ikkje rundt før det stilna av igjen. Opp med gennakeren og gode 8-8,5 knop heile vegen ned mot Titelsnes. Spenninga var stor før runding, dei fremste forsvann ut av synet då dei runda Titelsnes, kor langt var dei kommen??? Me vart ikkje veldig skuffa over at det rett rundt neset var eit nytt felt med svært lite vind som hadde samla feltet igjen... FRI var med igjen... Med svært stram gennaker kom me oss rundt Klasen og ned til Eldøyane før det igjen stilna heilt og alle unntatt Average Joe samla seg der. FRI runda til slutt som 4. båt ved Sponaviklykta, men bomma litt på Vikafle og kom rett bak Odysse og Silje i mål! 3. plassen i klassen og fyrste premie i år var svært hyggelig:) (Joda, det hadde blitt 4. plass med gamalt LYS-tall Roy:))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar