Etter ein kattevask av dekk og cockpit vart det tid til nokre timar på sjøen, lufting av gennaker for fyrste gang i 2011 var kjekt og farten som til då hadde vore mellom 2 og 3 knop toppa på 6,1. Nydeleg ver, 13-14 grader og sjølv om det var eit tynt skydekke varma sola godt. Med autopilot og stabil vind vart det høve til å trene litt på fotografering, i dag med skikkelig kamera og ikkje berre det dårlege mobilkameraet som vanleg...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar