tirsdag 31. mai 2011

Gnuen i Bavaria...




Igjen vart det regatta i annanmannsbåt, denne gongen som mannskap hos Roald Raunhom i hans Bavaria 36, Cloelia saman med Eirik Martin. Bildet er tatt rett føre start. Litt treg i starten, men ikkje verre enn at me haldt godt følge nedover med dei andre kanonene som stilte til start, Silje, Amelia og Match. Ved runding var me ikkje meir enn ca 10 minutt bak fyrste båt, Amelia på faktisk tid og låg svært godt ann, spes med tanke på at me ikkje hadde spinnaker. På kryssen heim skiltes nok klinten frå kveiten, på sekunde 1 time etter Amelia i mål på faktisk tid, men me seilte bra og hadde ein flott tur på sjøen! Synd ingen i "vår liga" stilte til start:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar