søndag 15. mai 2011

Trygt fortødd hos Fjordsailing!

Turen frå Bekkjarvik vart frisk, eg satte seil i ly av vinden kl 0730 og bråvåkna når nordavinden røska tak i båten ute i sundet. Savnet etter sjølvslåren var stort, grusomt hektisk å slå seg nordover under brua i ca 10 msek med motstraum og for mykje duk. Etter brua roa det seg litt og kryssen gjekk flott opp til Storebø der seila måtte vike for eit knapt tidsskjema ifht avtalt henting i LitleBergen. No ligg båten vel fortøyd, sjefen sjølv tok i mot, og plasserte meg tilfeldigvis mellom ein ny Dehler 35 og ein Hanse 445. Samtidig som han fortalte med glød om jomfruturen dei nettopp hadde hatt med nye Dehler 41... Hehe, selgarar, men slikt bit ikkje på meg, nei... neida...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar