torsdag 2. juni 2011

Den indre farleia!


Me ankom LitleBergen med bil i frisk vind og øspøs kl 2130 i går, onsdag før Kristihimmelfart. Litt spent på å sjå resultatet av reklamasjonane utført hos Fjordsailing, i all hovudsak knytta til liming av hovudvindu og bytte av badeplattform. Begge deler ser svært lovande ut, den nye badeplattforma er mykje stivare enn den gamle noko som taler for at ho vil tåle bruken i motsetning til den gml. Dei ny vindua ser også veldig bra ut, fint arbeid. Eg har valgt å få dei med tape over limet for å sikre at limet ikkje svekkes over tid av UV-stråling, ikkje alle vil ha denne tapen på og Hanse meinar det skal gå utan, det ser unektelig finare ut utan, men eg er lei av lekke vindu og tek ingen sjansar:) Ein stor takk til Fjordsailing som var på plass når me kom og som til alt overmål stilte opp i dag for å ta ein liten ting som dei ikkje hadde funne ut av, men som eg kunne vise dei når me kom i går.









Torsdag, Kristihimmelfartsdag:


Kl 1200 var det klart for å legge ut i det som kalles den Indre farleia, Bergen-Fensfjorden. Dette er eit området med historisk sus, ein hovudveg for ferdsel til og frå Bergen frå områdene nord for Bergen i århundrer. Det er funne geologiske bevis for ein samanhengande siviliasjon her i over 3000 år som einaste stad i Norge, "beste vestkant" for eit par tusen år sidan altså:)

Etter Alverstraumen kjem ein inn i Radsundet, og i dag med null sikt var ikkje det noko stor opplevelse og litt barnekryssord måtte til for dei tolmodige karane i dag.



Når me nerma oss Lureosen og Lygra vart det igjen trangt og spektakulært, her ligg også nokre svært spesielle eigedommar.

Så vart det stopp på Feste for bunkring av is og kanelbollar, dette var omtrendt som å vere i Brandasundet. Kaianlegget ser ut som det har vore i krigen, det skulle vere unødvendig med ytterligare påpeikning om at dette ikkje er staden å ligge når store båtar kjem forbi:) Eit halvt auge ut mot båten medan handlinga pågjekk føltes naturlig, det gjekk fint:)

Det er greit at det er juni, men å gløyme hua heime var ein stor tabbe, heldigvis passar BanditCup hua til Amund:)

Me gjorde nokre halvhjarta forsøk på å fortøye ved Lygra, det hadde vore kjekt å ha sett på svigerfar sin barndomsheim, men me fann ikke kaianlegg godt nok til å fortøye i frisk pålandsvind så ferden fortsatte med kurs for Skjerjehamn, opp Lygrefjorden og så Fonnestraumen, me kjem ikkje under brua i Kjelstraumen og denne straumen skal heller ikkje vere å spøke med pga turbulens. Me hadde 3 knop medstraum gjenno Fonnesstraumen, men ingen problem.

Sidan me no gjekk forbi Kjelstraumen og hadde fått tips om at dette var ein ok overnattingsplass svippa me innom for å sjå og evt stoppa ein times tid, me vart vinka inn på sida av ein Hanse 400, her var det både ei lita sandstrand og litt tumleplass for dei små og det vart fort klart at Skjerjehamn får bli ein annan gong, me ligg her til i morgon og prøver oss då på Fedje:) Flott tur til no, tross surt ver... betre ver er i vente:)


Kva skjer? Har båten krympa hos Fjordsailing? Ikkje godt for sjølvtilliten å ligge i nærheten av en Jeanneau 57, flott båt, rimelig diger...

Kjelstraumen kan foruten ei lita gjestehamn by på gjestgiveri, hytter og rorbuer samt open pub, flott området, men det var pils i båten likevel...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar