mandag 20. juni 2011

Sunnhordland Race - ein opptur!


Søndagen vart ein fin opptur for oss etter eit Stord Rundt som ikkje vart slik me hadde håpa. Mannskapet frå fredagen stilte av uforklarlege grunnar ikkje opp på søndagen og fekk dermed ikkje ta del i dette:)


Øystein stilte derimot opp og leverte varene. Me vart ikkje fyrst, men ikkje sist helde. Det var deilig å sjå at me slo Free Spirit på korrigert tid og kun sekundar bak nr. 3 i mål som dog hadde 1,18 i LYS mot våre 1,20. Det er likevel ikkje meir enn ca 8 min etter på korrigert tid, absolutt godkjent syns me sjølv.


Me seilte like godt hele vegen heimover også, etter Engesund satte me gennaker og fekk prøvd oss på ein del jibbar nedover, 8,3 knop vart toppfart. Vinden tok seg som vanleg kraftig opp når me nerma oss Stord brua!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar