søndag 17. juli 2011

Fitjar


Laurdag var mor endeleg ferdig å jobba og klar til å bli henta på Fitjar. Det vart ein flott seiltur inn Selbjørnsfjorden i sør-vestleg bris og opp Fitjarvika. No er båten fylt til randen med diesel, vatn og gass og årets ferietur med FRI står for døra... Etter flotte dagar i Eggøya med windsurfing, seiling med LilleFRI, bading i vatnet, dragar og sjølvsagt timevis med krabbe og råtefiske! Folksomt her ute og det er jo det flotte med denne øya, staden der storfamilien samlast i ferien... supert også for ungane for her er det alltid lekekammeratar i rett alder!

Turen går mot Bergen i kveld eller i mandag morgon og så sørover igjen, målet er å treffe venner i båt på torsdag i Sunnhordlandsbassenget og så legge kursen mot Ryfylket på slutten av helga om veret vert sånn nokonlunde! Fredag 29.7 er det Hidleseilas og målet er å vere tilbake slik at me rekk den:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar