søndag 1. januar 2012

LOGGBOK 2011

Me skriv 2012 med 2 timar og det er på høg tid å gjere opp Loggboka for 2011. Som ein ser nedanfor har båten vore mykje i bruk også i 2011, litt meir enn i 2010. Denne sesongen vart i tillegg litt prega av dårlig vèr og 3 veker på verksted i mai for montering av nye vindu.

TALLENES TALE!
Båten har vore i bruk 64 dagar, då rekna alle turar der det er løyst tamp eller båten har vore på tur og me har budd i båten. Altså alt frå ein time på fjorden til sommarferie. 1 døgn meir enn i 2010.

Me har overnatta i båten i 32 døgn, der av 14 med alle ombord, her er det altså ein del regattaovernattingar og transportetappar der eg har vore åleine eller med mannskap. Også antall overnattingsdøgn er eit døgn meir enn i 2010.

Av 64 dagar har 17 dagar har gått med til regattabruk, eit døgn mindre enn i 2010.

Eg er overraska over at det var så likt som i 2010, men båten vart brukt svært mykje frå me fekk den tilbake med nye vindu.

Motortimane har auka frå 385 i haustferien 2010 til 512 timar ved siste tur i desember.

TURBRUK
Me fekk ei overnatting på Løkjelsøy allerede i påsken, men turen til Fedje gjennom Alverstraumen i forbindelse med Kristi Himmelfart vart turhøgdepunktet i år.



Amund på PernillesKaffe på Fedje!


FRI fortødd på Fedje!

Før ferien fekk me også ein flott tur saman med Ole Jacob m/fam i Draum til Ulvesøy i Pinsen. Gode naboar av dei igjen kom også og turen vart flott, heilt til 8 Bømlabåtar kom og la beslag på Ulvesøya, då kasta me loss og gjekk...

Fri og Draum ved Ulvesøy

Sommarferien på 9 døgn vart også bra, dårleg vèr i periodar gjorde at det "berre" vart tur/retur Bergen, med avstikkarar til Os ogVinnesholmen ved Fusa og 3 døgn i Austevoll fordelt på eit døgn der til og to døgn på returen. Høgdepunkt vart det likevel, med KVAL i sikte inn mot Bergen, flott sommarver og monster gråkrabbar på Vinnesholmen og sjølvsagt møte med Draum og den sin besetning på returen i Austevoll.


KVAL i sikte, stort!


Endeleg kom finvèr, tid for tørke!


Ole Jacob, Åsa og Amalie

Etter mykje dårleg haustver kom det ei flott helg i september, turen vart lagt til Uskedalen saman med våre gode naboar i sin nyinnkjøpte Joda 850.


Pølsefest med gode naboar etter frisk fjelltur i Uskedalen


Me håpar det vert mange turar både med dei gode naboane, med Draum og andre også i 2012!


REGATTA

Det vart "berre" 6 av 16 tirsdagsseilasar i år, vindusreparasjonen må ta skylda for at det ikkje vart "krus" i år. Men det vart deltakelse i heile 8 andre regattarer i året som gjekk. Nedturen i år vart DNF i Stord Rundt, ei flott oppleving vart det likevel å seile inn i natta utover Selbjørnsfjorden og nedover Nyleia saman med 29 andre båtar. Her skal det mykje til for at me ikkje stiller igjen i 2012.


Øystein i Håkonarseilasen

Oppturen kom likevel utover hausten, fyrst som nr. 2 på del 1 av Håkonarseilasen DH saman med alltid positive Øystein Nygård, dette viste at det var mulig og utover hausten gjekk det betre og betre på tirsdagsseilasane også.

Det store øyeblikket i årets sesong kom i Bergen Singlehanded 10 september. Nr. 19 overall av 62 startande båtar og nr. 6 av 22 i klassen var langt over forventningane og eit flott resultat for meg og FRI.


Dei beste rundar i Bergen SH og FRI sin blåe gennaker er ikkje langt unna!


KVA SKJER MED S/Y FRI I 2012?

Til tross for at me alle kunne ønska oss betre vèr i 2011 har sesongen vore veldig bra og gitt inspirasjon til 2012 både på tur og regattafronten.


Familibildet på toppen av Eggøya, ved Varden!

Nytt storseil og gennaker på rulle er i bestilling. Me har seriøse planar om Sørlandet og aller helst Danmark i juli og når det gjeld regatta så har Tørres tatt sjansen på å stille saman med skipperen "John best åleine Bjordal" i årets utgåve av Seilmakeren Doublehanded tur/retur Askøy-Florø. Videre er Bergen Singlehanded sjølvskriven saman med aller helst alle dei lokale regattaene, sjølv om det nok skal halde hardt. "Krus" (min 8 deltakelsar) i Tirsdagsseilasen som er også eit viktig målet for 2012!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar