tirsdag 27. mars 2012

Ein fin dag på fjorden...

Den 27. mars kunne by på nydelig vårvèr, dagen måtte derfor nyttast godt. Eg og Roy avtalte derfor litt tirsdagsmatching før måling av nye seil og styremøte i Seilforeningen. 

I kjent stil var programmet litt i strammaste laget, spesielt mtp at FRI ikkje hadde verken fokk eller storseil montert kl. 1615 og eg var åleine ombord. kl 1730 var eg likevel undervegs, men eg tok eg ikkje sjansen på uvørn behandling av nyseila som følge av at eg var åleine så standardsegl fekk duge i dag, forskjellen er nok ikkje så stor i lett vind sjølv om sjølvslåaren normalt ikkje er noko hitt i så lite vind.

Det var ein flott tur rundt Otterøya og tilbake, vel tilbake i havn vart det tid for måling av gennaker og storseil. Stor takk til Erling som stiller sporty opp på kort varsel, greit å få det gjort medan det var fint ver.

Joda, eg kom altfor seint til styremøte, men hadde fått gjort mykje på nokre hektiske timar etter jobb...:)
Slik likar me å sjå Silje, men joda, eg har tjuvstarta...


Slik likar me ikkje å sjå Silje, men joda, har sett det før...

Smekker skute med smekre seil:)
Joda, FRI hang bra med heim igjen, sjølv med sjølvslåar,
 genoa 3 vart snaut for Silje i den lette vinden.
Skummel type ombord som har fått nye
solbriller til 40 årsdagen...:)



Magisk!

Erlingen måler seil, etter alle kunstens reglar, her  er det
ikkje noko tull!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar