søndag 6. mai 2012

Båtprosjekt og Gnuen 2012

Laurdagen gjekk til etterlengta båtprosjekt. Det vart ein effektiv dag der mange kryss kunne settast i den etterkvart så lange båtprosjektlista. Viktigast var å få på plass akterstagsløftar som vart eit større prosjekt sidan det er så knapt med plass i mastetoppen.Videre var det også avgjerande å få montert gennakerspydet litt lengre inn og få eit hold ned i baugen for å kunne stramme forliket på den nye gennakeren som jo skal være stramt heile tida sidan den er såklat flat, nesten code zero.

Ingen enkel affære å montere gjennomgåande
boltar på lang avstand gjennom
ei lita luke i forpiggen, men det gjekk fint!
Roy og Øystein oppe i liften

Dette får me håpe held på skrape vinklar også


Her er det nye beslaget, 100 gram og plass
til både vindex og akterstagstrammer!



Søndagen var det tid for sesongopning og Gnuen. Synd berre 4 båtar stiller til start, men dei som stilte fekk oppleve fleire årstider, snø og sol i herlig kombinasjon, friskt!

I FRI hadde all tid gått med til båtprosjekta og ting som reveliner, skjøteblokker etc var ikkje på plass. Når me då valgte å skifte seil rett før start vart det unødvendig stress og gennakeren tok det jo svært lang tid før me fekk opp, men me tok seilasen som ein trening til Seilmakeren og det er mykje å gå på når det gjeld handeling, me slit også på kryss i sjø og hard vind. Ekstra ille vart det i dag sidan me ikkje kunne reva for å rulle inn på fokka er heilt håplaust... Alt dette tatt i betraktning er me fornøgd med å være sekundar bak 2. plassen, men me må vel innrømme at det var litt "rust" hos konkurrentane også såvidt me kunne sjå...:)

Makker Tørres, bra mann å ha ombord!

Bra start for FRI, til høgre i bildet, synd lite var klart ombord
då starten gjekk, her er mykje å gå på...














Ved Ystøya på veg mot mål fekk me ei
skikkelig hagel- og snøbyge



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar