onsdag 16. mai 2012

Ny tirsdagsseilas og ny 2. plass...


7 båtar stilte til start på Leirvik med Hidle som rundingsmerke. Flott vårvèr (endelig) og lett bris.


Endelig test av både nytt storseil og vår nye "Code nesten Zero",
begge deler ser veldig bra ut



Her seiler me ca 45 grader apparentwind i 5-5,5 ms og ca
6,5 knop båtfart

















Tørres var rormann denne gongen og skipperen
vart piska rundt på dekk:)




















Me har nok aldri vore så nært fyrstplassen som i denne tirsdagsseilasen, men det hadde blitt eit ran sidan Silje var langt føre, men seilte seg inn i vindstilla rett før mål og "advarte" oss lengre bak. Likevel klarte dei å skli i mål som fyrste båt litt under 3 minutt før oss og då var ikkje 0.01 i lågare LYS nok...

Mojo sneik seg også i mål ca 1 minutt føre oss med lånt genoa 1:) Den såg ut til å gje god fart i lett vind, ja... Me hadde ikkje sjans på båtfarten, spesielt sidan me denne gongen seilte med sjølvslåren sidan genoa 3 er på verksted...

Høgdepunktet var strekke Hidle-Ystøya der den nye flate rullegennakeren kom til sin rett. Me tok inn nesten heile forspranget Mojo hadde fått på oss gjennom å kunne stå så høgt som opp mot 40 grader apparent vind fortsatt med over 6 knop båtfart. Me testa dette videre etter målgang og ser at dette seilet absolutt har ein misjon ombord når ein ikkje har genoa 1. Utfordringa vår vert no at me må bytte gennaker når det er lettare vindar aktenomtvers og ideelt sett skulle me nok hadde den store gennakeren over til Hidle og den flate tilbake... Men når me seiler DH må me fyrst og fremst tenke framdrift og enkel håndtering...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar