mandag 18. juni 2012

Vedlikehald!

Teksten forsvann på vegen mellom mobilen og bloggen, men me får pynte på. I helga skulle eg og eldstemann på gutatur, men dårlig ver gjorde at det vart opning for litt vedlikehald i stadenfor. I rein frustrasjon over at teaken ikkje vart rein, gjekk grønnsåpevask trikset ut glaset og eg kjøpte teakrens og sealer, MOT min egen hellige overbevisning om at slikt aldri skulle brukast på min teak...

Eg innser i etter tid at eg skulle ha sjekka betydelig betre før eg satte i gang med dette, eg veit at teakrens ikkje er bra, men det viser seg at det finnes produkter som er betydlig meir skånsomme mot teaken enn det eg brukte, Snappy! (burde jo ringt ei bjelle og to berre på navnet:)

Teaken hadde altså blitt stygg så eg valgte å ta ein skikkelig runde no, dog med svært utvatna rens i forhold til det som står på pakninga, resultatet vart så altfor bra på så altfor kort tid. Ting som er for godt til å vere sant er jo ofte det...

Sjekke, sjekke på nettet i etterpå gav svaret og enda eit bevis på at ting som er for godt til å vere sant alltid er det! Les testen i Båtmagasinet HER så forstår du kvifor eg skulle hatt dette ugjort, men gjort er gjort og med så utblanda stoff som eg brukte reknar eg med det har gått greit denne eine gongen. Innser at eg nok har vore for hardhent med grønnsåpe skuringa også... Men, det vert kun gjort ein gong pr år så me får satse på at teaken heldt så lenge me eig båten iallefall. (Ihht langtidsbudsjettet skal me ha den til den er 10 år:) Altså 6 år til, men time will show...), det er noko med restverdien som ikkje er heilt riktig i kalkylane pt... hehe... Me får satse på at Hanse flyttar produksjonen av Dehler til Hellas, ein får vel ein fin Dehler for eit lastebillass med Drakmer om nokre år vil eg tru:)
Det ser jo ikkje mindre enn fantastisk ut etter rens, fortsatt fuktig her
før teak sealer er smurt, den må smørjast når det er heilt tørt








Her er det tørka og satt inn med teak sealer,
fortsatt ser det fantastisk fint ut ifht den grå
flekkete utsjåande det hadde fått...




Eksosbendet som har svetta saltvatn i to år
på høg tid å skifte, men dette vert tigga
og tatt vare på, ser ut som nytt utanom
eine sveisen som må ha eit usynlig hull










Bytte gjekk overraskande lett, litt jobb å få bort all pakning så            
flensen vart glatt...




Her er det nye på plass, deilig med ting som kan
strykast frå lista:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar