søndag 26. august 2012

Enda ein draum i oppfyllelse!

Før start viste vindmålaren på Slåtterøy 13 ms, me valgte derfor å legge løpet tilbake samme vei som i går. Det blei dermed ein svært rask retur innover leia frå Brandasundet, gjennom Kyrkjesundet og ned til Bømlabrua der Joao hadde vore så grei å stilt seg opp for å ta tidene!

Starten vart veldig kaotisk for vår del, fallet festa seg rundt lanterna mellom 1. og 2. saling. Det har skjedd eit par gonger før når fallet er festa, men er for laust. Som eit under fekk me det laust rett før kl. 1055 og me vart dermed likevel klare til å ta startsignala, etter at me hadde satt storseilet med 2 rev. Med ansvaret for starten nyttar det ikkje å ha fokka ute også, men me fekk ein flott start likevel. Det var mykje straum og lumske vindforhold i det smale sundet etter Karihavet, me tok ingen sjanser og lot dei næraste gå i fred, noko luffing her ville vore galskap. Dei 5 fyrste kom greit gjennom, me var 4. båt, men bak såg det dramatisk ut der Åsmund måtte ta ein kuvending og andre gjekk svært nært grunnene. I etterpåklokskapen er det åpenbart at me burde lagt starten til etter dette sundet!

Me hadde satt halv fokk og 2 rev i storen, det viste seg å vere rett seilføring i dei sterke vindkasta, me tapte nok litt i sunda innover, men meir seil og berre to ombord ville ført til broachar noko me klarte oss heilt utan i dag og det er jo ny rekord i slike forhold!

Nedover Nyleia tok me opp begge reva, eit slit å få opp, men det gjekk på eit vis. Sidan Erling har påpeikt at me ikkje har lov å spri fokka med bommen sidan me ikkje har målt inn denne ifbm gennakeren lot me vere, det skulle vise seg å bli slitsomt i dag. Me fant etter ei stund ut at me ikkje kunne ha heile fokka ut, så når me rulla 2-3 omdreininger stod seila rimelig greit spridde, utan bom. Me skar litt og spridde litt og jobba bra, rulla inn og ut fokka ifht skjæring og spridd fokk, uten bommen.

Vel gjennom ved Ringholmen kom me kom på høgde med Erlingen og Rolf og i det er jo ikkje noko dårleg teikn, avstanden fram til Jørund og Roy var heller ikkje urovekkande, men feltet bak kom tettare... Ingen ting var avgjort, men så satte Jørund spinnaker og draumen om å slå Jørund på korrigert tid, gjekk i grus, trudde eg!

Men resultatet vart ein stor opptur, hardt arbeid betalte seg og me vart nr. 2 etter Roy som jobba noko voldsomt med gennakeren i dag, veldig glad me ikkje prøvde oss på det! Dermed vart to drøymar oppfylt på ei helg, fantastisk:)

Alt i alt, ein flott tur, varierte forhold og det ser jammen ut til at det går mot ein 2. plass i Shorthanded og ein etterlengta premie i ein lokalregatta, det er jo litt artig at eg har premiar både frå Seilmakeren og Bergen Singlehanded, men pt berre ein premie lokalt! Eg trur det fortel litt om nivået hos oss, det er bra syns eg. Tar me ein kikk i TUR-klassen og korrigerte tider så har me potensielt ein veldig farlig utfordrar der. Alhena med LYS 1,00 (som Davide antar er for høgt!) kom 14 sek bak oss på korrigert tid, også i går imponerte dei stort med å holde følge med både den eine og den andre med betydelig høgare LYS!


Cowboyfrokost må til, bacon med litt egg:)

Det vart for spennande i fyrste sundet
etter Karihavet!
Me var nøgde med tempoet innover til
Nyleia

Utrulig kjekt når det er så tett, me syns me har god båtfart, men det
skal seiast at det var både ein og to revar i Matchen sitt seil...
Tett, men kontrollert sålenge ingen broachar då:) Me kjørte full
duk og såg opptil 15 ms på målaren!

Det var eit savn og ikkje kunne spri fokka i dag, men
me klarte å halde Xanadu bak oss på listene i dag og dermed
sigra me også premien i Shorthanded klassen!
Kjekke karar å innhente på regattabanen!
På bilder ser det alltid ut som det er lett bris, men her var det friskt
9,7 knop på flat sjø med Hansemann er ikkje verst!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar