tirsdag 21. august 2012

Gundermetode og Syndefloden!

I dag somla eg meg endelig, på oppfordring, til å starte Tirsdagseilasen etter Gundermetoden slik me planla å prøve ut, i vår.

Veldig kjekt syns eg, mykje tettare seilas enn vanleg og gøy å jage etter båtane føre samtidig som ein må ha eit engstelig blikk bakover til dei raskare båtane som nermar seg meter for meter!

Dessverre løya det heilt i dag på slutten slik at løpet rundt Hestholmsflua på 8,9 nautiske vart for langt for dei utan spinnakeren/gennakeren

Litt hektisk start for meg og Amund i dag, men veldig kjekt at eldstemann på 9 kom å spurte om han kunne få vere med så me leste både Donald og åt pizza underveis;)

Flott seilver, varmt og fin vind i starten, ca 5 ms. Men rett før mål kom Syndefloden, så inni granskauen så da regna. Me både høyrte og såg regnet ved Titelsnes, men bønna om at det skulle halde seg der slo ikkje til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar