tirsdag 14. august 2012

Nesten!

Haustens andre Tirsdagseilas gjekk frå Leirvik rundt Hidle og tilbake i fantastisk sommarver. T-shorte og shorts heile vegen er luksus frå øverste hylle! Heile 10 båtar stilte i dag!

Frå nesten sist forrige tirsdag til nesten fyrst denne tirsdagen er ei flott forbetring. Me fekk ein pangstart med ein flott manøver av Leif Rune som ringde i siste liten og gjorde at det vart DH og ikkje singlehanded på FRI i dag. Me jibba bort frå feltet og fekk fri vind. Det gav oss ein fin ledelse på heile feltet, ein ledelse me holdt til etter runding Hidle. I dag fekk me til å gå djupare med gennakeren enn nokon gong før og til og med den ihuga spinnakertilhengjaren Leif R måtte innrømme at gennaker ikkje var så verst:)

Me streva litt med gennakernedtakinga, men ikkje kritisk dårlig. Som einaste båt i feltet med berre genoa 3 var me førebudd på at båtane bak kom til å ta innpå i den tildels lette vinden. Silje tok oss raskt igjen, men me utjevna farten noko og var berre 2,5 min bak i mål, men det holdt greit til siger for Silje på korrigert tid.

Ove kom fort på slutten og var berre 17 sek bak oss på korrigert tid. Me tapte antakelig ein del på å slå tidleg ved Hidle...

Ein flott seilas, me treng fortsatt å jobbe med farten på kryssen. Med unge Bjordal som levande løygang fann me ut at løygang vil hjelpe mykje på å ta meir kraft ut av storseilet. Det skal fyrst testast nermare med ein motsatt funksjon av innhal, uthal...

Etter endt seilas kom June ombord og me satte kursen mot Bjoa og henting av karane. Me fekk ein perfekt seilas over med stikk i skjøtene og jevnt 7.0 til 7.4 knop båtfart. Heilt magisk i slikt vêr! I morgon har eg tatt ein dag fri saman med karane medan mor tok lillebilen heim og må på jobb!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar