lørdag 13. oktober 2012

Årets siste overnattingstur?

Da e litt haustferie, dei fyrste dagane gjekk til forsømte prosjekt i hus og hage, men fredagen var det dags for å komme seg på sjøen i fantastisk haustver! Bryggesjau i Eggøya stod på agendaen, flytebryggene må vekk før hauststormane gjer dei om til pinneved. Eg og Ola, søskenbarn Alf Inge og sjefen sjølv, bestefar på 89 stilte på Fitjar kl 1000.

I Brandasundsbåten te besten tøffa me utøve i landes flottaste natur, mens me ser eit sørgelig syn i Fitjarfjellet, propellar i hytt og pine skal gje oss straum me ikkje treng... Jo lengre ut i øyane du kjem, jo meir ser du. Best å vende blikket mot vest!

Etter å ha løsna bryggen, renska tau og gjort klart for slep til Tverderøya der bryggene skal overvintre, fekk me besøk av ein liten flott fugl som nok hadde mista resten av familien sin, den var så tam at me kunne ta på den... Heilt forvirra stakkar!

Dagen gjekk i det, veldig kjekt å vere ein dag med besten, det vert altfor lite tid til slikt om dagen!

I dag lørdag har me seila til Husnes, muligens vert dette årets siste overnattingstur med familien, flott vêr, men kald kuling frå aust gjorde strekket til Huglehammaren til ein frisk opplevelse...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar