tirsdag 23. oktober 2012

Disk på Klasen!

Eg skulle jo skriv inn tekst til desse bilda, men det skjedde liksom ikkje.

Mulig det har med det faktum å gjere at Klasen ikkje vart ein spesielt stor sukess for underteikna. DISK! Det er første gong eg klarar å bli diska og det kan vel berre forklarast med litt irrasjonell adferd...

Det som skjedde var at eg skulle ta opp rulle gennakeren i god tid før start og så rulle den inn og ha den klar, litt stress med å få levert tidene til startar (Tørres og Ole J), men eg hadde bra med tid. Problemet startar når eg fekk opp dritten som ikkje var rulla skikkelig sist (Windjammer), då flekte me den ned raskt for å sleppe å måtte slå rett før mål...

Vel, innrullinga og det å ha den ståande innrulle fekk eg ikkje til, eg fann ikkje ut kvifor det ikkje ville seg og tida gjekk. I ettertid er det heilt klart at eg skulle tatt den ned når eg såg at det ikkje ordna seg smertefritt, men eg såg også at seilet var perfekt bortover mot Illholmane og ville gjerne ha det klart. Tok eg det ned urulla ville det bli vanskelig å få opp igjen åleine utan å tape for mykje.

I stresset og med bråket av 57 kvardrat blafrande nylon valget eg å nytte GPS Time for å starte med, det skulle i teorien bli det samme som å ta tida frå fyrste båt gjekk ut, men lite visste eg då om at GPS Time appen min er 2 min feil (sjølvsagt for rask), dermed vart 1 minutt for seint til 1 minutt for tidlig over linja og tjuvstart. Det var ikkje fritt for at eg banna når eg såg tjuvstartflagget, etter alt faenskapet eg hadde hatt før start. Eg vrenger rundt, prøver enda ein gong å rulle inn faenskapet, men ikkje kul, istadenfor hektar den i eine slangeklemma som held radarreflektoren. Eg må dermed vrenger over igjen for å unngå å revne heile stasen. Når båten då skyt fart utover i motsatt retning av startlinja og blafringa endelig gir seg er motivasjonen for å gå tilbake heilt borte, eg tenker at "skit på", om eg kjem på listene eller ikkje betyr ikkje noko, det gjorde iallefall ikkje det der og då...:)

Vel, seilet var perfekt over fjorden, flott fart og den barnslige gleden av å sjå at Roy må ta ned sin gennaker, medan eg kan står videre med min flate er ubetalelig:), eg kom på sida av Roy, men så løya vinden heilt, den dreide slik at båtane bak kunne stå til og med med spinnaker heilt til vindstilla ved Illholmane. Roy hadde meir konsentrasjon og klarte på magisk vis å komme seg rundt Terneskjær, meda eg og alle andre låg igjen. Det var ei lita bragd med Silje som normalt er treg i heilt lett vind, då pleier FRI å sige forbi, men ikkje denne dagen.

Vel, ein time etterpå, søkk blaut og fortsatt nøyaktig på samme stad og med disk på SMS frå Tørres så var valget om å gje seg ganske enkelt.

Sjukt deilig å få på kalesjen, hente seg ei kald ei i kjølsvinet, sette på varmen ute og få på tørre kler, eg satte kurs for Eldøyane og henta blåser til morgondagens baneeilas, det kunne berre gå ein veg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar