tirsdag 11. desember 2012

Blir det LYS-tall og kva blir det i såfall for 2013?

NORLYS og NSF førebur endringar i LYS-systemet med virkning frå 2013. Dette blir spennande, uansett utfall!

Her er litt bakgrunn i debatten og merk, dette blogg-innlegget er kun for spesielt interesserte!
https://docs.google.com/file/d/0BwFfGD03EXrdMWRnVUhfVmQwamc/edit

http://www.blur.se/2012/12/06/nystart-for-norlys/#comments

Eg er nok ein av dei som har irritert meg over LYS-systemet, eget LYS-tall er jo ein ting, det vil jo stort sett alltid vere for høgt:), men det at det er basert på hemmelege formlar og individuell tilpasning som ingen får innsyn i vil alltid føre til at det er gjenstand for debatt. Joda, eg veit at dette forklares med at offisielle reglar vil medføre at konstruksjonane optimaliseres i forhold til regalane...

LYS-systemet krev at alle båtar måles, ein må til topps i masta berre for å finne ut at målet er det samme som står i brosjyren, eller kanskje var det 3 cm avvik, gud, for ein lykke eller ulykke! Dessuten er det veldig viktig å måle lengda på båten, den kan jo ha blitt forlenga f.eks uten at nokon oppdaga det! Eit slikt system er åpenbart modent for utskiftning...

Vel, med dette som bakgrunn tenkjer eg at det må være forlokkande med SRS som er det Svenske systemet og eit, av to alternativ, NORLYS no vil utrede nermare. Her har standardbåtane fast tall, ingen måling trengs før du evt vil gjere noko endring med båten. Rimelig og greit.....

Men er det så greit? Eg måtte sjølvsagt sjekke nermare og tok då naturligvis utg.pkt i egen båt.

Eg ser at det f.eks stort sett berre er ein masse eldre båtar i denne tabellen, nesten ikkje ein einaste Jeanneau og min egen Hanse står ikkje der enda det er laga over 200 stk av den... Kanskje denne tabellen i såfall blir utvida betydelig? Når då mange båtar får standardtall og slepp betaling så må det jo bli meir å betale for dei som MÅ eller VIL måle båten og joda, i Sverige kostar målebrev 750 kroner og ikkje 330 som i Norge. Hmmm. Vel, då blir det vel måling uansett då, men litt mer søking så finner eg fylgjande frustrasjon i Sverige:

I Norge får de ett SRS/LYS-tal på 1,20 för Hanse 350. Vi har i Sverige fått ett SRS-tal från Svenska Segelförbundet på 1,24.

Den svenske har for ordensskyld, gennaker og genoa 3, dvs tilsvarende ett standardtall på 1,26 etter LYS reglar! Berre for morroskyld er det då artig å nevne at Hanse 355 som er identisk 350en med nytt overbygg, men der skrog, vekt og alle mål samt rigg er lik, har fått 1,18 med tilsvarande seil, huhei, 0,06 i forskjell! Sprekt, då begynner vitsen med eit system å falle bort, då trur eg menigmann kan tippe betre.

Nei, det er forlokkande å tenke seg eit standardsystem der ein berre kan hente ut ratingen gratis, utan måling, men dette systemet kan ikkje vere basert på å så forskjellige vurderinger som dette eksemplet viser. Det vart ein del misnøye når LYS-komiteen satte ned H350 frå 1,24 til 1,22 i Norge, samtidig klarer dei altså å sette den heilt like Hanse 355 til 1,20 i standard tall, alle tall er like og dette har eg påpeika til komiteen, men ingen svar og ingen endring skjer. På toppen av dette har Hanse 320 0.03 i fradrag utan spinnaker, medan Hanse 350 har 0.01. Det er ingen logikk i dette, og ein skulle tru dette berre var ein feil, men det er iallefall ikkje korrigert, ingen tilbakemelding er mottatt frå NORLYS.

KONKLUSJON:
Dette gjer meg skeptisk til å gå over til SRS sjølv om det ser ut til å fungere i Sverige, dei rapporterer iallefall økning i regattadeltakelsen på 30% etter at SRS kom inn og blur.se sin J/111 med 1,40 i SRS/LYS har vel neppe blitt behandla så veldig forsiktig i SRS at det skulle vere derfor Peter Gustavsson har ein egen agenda, men svenskane er mykje meir opptatt av dette enn nordmenn, ser det ut til...

Uansett har eg meir tru på alternativet som er ein revudering av LYS basert på ORC dataene, ein stor mengde data som gir mulighet for å beregne potensiale til båtane vha VPP (Velocity Prediction Program) utan at det må til meir måling. Dette vil gi forventa performance i mange forskjellige forhold som grunnlag heller en tilpasninger og vurderingar av medlemmene i NORLYS komiteen (som sikkert gjer så godt dei kan). I ORC ligg mykje meir data enn det gjer i LYS/SRS og etter mi oppfatning vil dette med mykje objektivitet anslå kva potensiale som ligg i konstruksjonen det er snakk om enn nokre mål av mast og skrog, ispedd litt "sunn fornuft". Det er langt frå sikkert at tallet som kjem ut føles meir rett i praksis, men då veit enn at båtane er vurdert på like vilkår og at det ikkje ligg inne ein masse artige forutsetninger.

Eg må innrømme at det jo blir spennande å sjå nå om det endar med 1,19 i LYS igjen for Roy og 1,24 igjen for oss. Ved SRS oppfattar eg at det er sannsynlig (og kanskje også med ORC dataene) for det er knapt innsalg av individuelle vurderingar i SRS, med dataene frå ORC blir det spennande å sjå både på egen båt og mange andre, det blir meir så nært sannheten som ein kan få det, slik eg vurderer det...

Avslutningsvis, det er mange lokalt som har hevda at fokus på LYS er meininglaust, "fokuser heller på å seile båten optimalt", "timar på fjorden" etc, til det er det å sei at det eine utelukkar ikkje det andre, men i går kveld fann eg ut at det hadde vore artig å sett kva LYS-tallet utgjer i praksis, i forhold til plasseringar så her er resultatet av mine 7 tirsdagsseilasar i 2012.

Tabellen viser altså kva LYS tall måtte me hatt for å gått opp ein plass, ned ein plass eller kor høgt kunne dette vore før me vart sist. Eg syns dette var interessant, forutsatt rimelig korrekt LYS-tall viser dette at det betyr ein plass til og frå, resten må du ta på å seile godt, ergo, fokuset må leggast på seilinga, ikkje måltalet, ikkje noko nytt under solen altså:). MEN, me hadde ikkje fått denne sigeren i tirsdagsseilasen med 1,21, det var ein seilas der me gjorde det meste rett, god start, rett veivalg og perfekt gennakerseiling... Ergo, det blir heilt feil å sei at LYS ikkje beyr nok også, men det er langt fra alltid at det er LYSet som hindrar gode plasseringa, ein bidrar ofte sjølv også i stor grad, hehe... Vel, dette får vere nok LYS...


Ja, under forutsetning av at LYS-tallet er i nærheten betyr det mindre, men resultatet for 2012 var jo svært
så hyggelig, eg var ikkje klar over at det hadde gått så bra, 7.aug gjekk me med turseil og grodd båt, det betyr meir
en LYS-tallet ser det ut til...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar