søndag 2. desember 2012

Vinter!

Så slo Kong Vinter til! I går og i dag måtte eg derfor sette av litt tid til å måke snø av kalesjen. Langrennskio, som er verdens beste utstyr til å måke av ein kalesje med, er på plass:) Den ligg på dekk ved vanta på babord side og er berre å låne av andre hvis dåke legg den tilbake:)

I dag starta eg motor og utstyr som har stått stille sidan 22. Oktober. Sjeldent langt opphold for FRI, eg har som mål å ha motoren og anna utstyr i gang minst kvar 3. veke, ting står seg som kjent ihel, det blir ikkje utslitt!

Eg har berre vore innom å tømt luftavfukteren jevnlig sidan Oktober. I går satte eg på landstrømmen og då også varmtvannstanken. Når den står på lenge byrjar vatnet til motoren å sirkulerer, dette blir oppvarma av varmtvannstanken og slik sett fungerer det som ein motorvarmar. Så dermed er det berre å fyre opp utan gløding og motoren startar som den er varm;) ein halvtime på 1200 omin, ikobla slik at den får litt belastning gir skikkelig gjennomvarm motor!

Målet var å få på presenning i år også, men med mørke kveldar og fullbooka helger er det ikkje lett å finne tid, dessuten hadde eg tenkt å bygge meg eit lite hus over i år sidan presenningen er for stor når eg berre heng den over bommen... Time will show, men sprayhood og kalesje har det ikkje godt no... Dessuten er det jo ett styr med kalesje dersom det blir titte våte snøfall.

Mykje røyk ved oppstart av varmar viste seg å være snø som vart gjort om til damp;) hehe... Vinter, ja!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar