søndag 16. desember 2012

Tjuvstart!

Søster har etter kvart fatta stor interesse for seiling og har jevnlig spurt om me ikkje sku utpå å seile etter at ho var med sist gong me var utpå, i oktober under baneseilasen.
Då det endelig blei vêr til å pakke inn båten valgte eg derfor heller å rigge båten igjen med dacron seila og lacybaggen og tjuvstarta 2013 sesongen! Det var fantastisk å komme utpå igjen og med 7 grader og opplett minna veret om det me hadde i Ryfylket i sommar;)

Håpet er at det skal bli litt tid i jula også før det må pakkast ned igjen. Me skal feire jul på Bjoa og tar båten over om vêret tillet det, det er perfekt å ligge i Apalvik når me er på Bjoa! Lundt og godt med straum og vatn.
Flott tur i dag, 4-10 ms og me gjekk med sjølvslåar og to rev sidan det no berre var tur, men me såg 8 tallet på loggen likevel. Me la kursen over mot Valevåg, men slo når det minka på vinden og seilte i frisk, fin austavind til Fyrøya, der me gjekk inn og tilbake på innsida. På returen løya vinden litt, men super tur og alltid kjekt å skalke luken når ein kjem i havn å få varmen med god lunk under dekk og ein kopp kaffi...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar