lørdag 2. februar 2013

Retur!

Med dårlige vermeldingar og behov for å jobba søndag satte eg kursen heimover etter ein skikkelig cowboy-frokost, bacon og to egg samt full tank med diesel. Kl 1100 heise eg seil og seilte ut Fjeldbergsundet i lettbris, mellom ganske store og tjukke isflak som låg å duppa i overflata, eksotisk!

Fantastiske forhold, men midtfjords møtte den varsla kulingen meg, og Helga von Autopilot måtte overta styrmannsjobben, det vart kjølig til rors, så skipperen fekk velfortjent kaffi og sjokolade under sprayhooden:)

Rart nok varte kulingen berre ei lita stund. Når eg nerma meg Eldøytåa var det igjen lett bris og ikkje den store farten etter at eg hadde reva ned for tåle stivkuling. Tett septikk vart løyst på veg inn ved å fylle tanken med sjø frå dekksuttaket, det gjer normalt susen. No er det igjen bunkra vannløyselig toalettpapir.

På veg inn måtte eg igjen gå i is for å komme i båsen, vel i havn fekk eg besøk av Trond før eg la meg til rette på sofaen for å sjå sporten:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar