mandag 8. april 2013

Endra styrkeforhold - Stord Seilforening

NOR-rating er på plass og sjølvsagt er diskusjonane i full gang om dette er rettferdig eller ei.

Eg har satt opp dei fleste aktive båtane i Stord Seilforening og sett på kva endring me får i styrkeforholdet ifht gml LYS og det er betydelige forskjellar. I tabellen har eg nytta omregningsfaktoren på 1,27 som går igjen på nettet, det ser ut til å stemme ganske bra med denne faktoren.

Eg har både regna endringa i prosent ifht gaml LYS, men også sett på kor mykje fortare/seinare du kan seile på ein time ifht ditt gml LYS. Tar du tida di og legg den til evt trekker i frå den du vil samanlikne deg med får du eit bilde av kva dette betyr i praksis.

Det må sjøvlsagt tas forbehold om at det er rette tall som ligge på www.seiling.org no, me ser at både Roy og Trond har fått tildels store justeringar etter at første talla vart lagt ut og det er nok fleire feil her, spesielt kjem Øystein Nygård med Tind ekstremt dårlig ut og dette kan jo ikkje vere riktig. I motsatt ende kjem Melges 24 utrulig bra ut, godt Big D er solgt:). Det snakkes om at dette også er feil sidan Melges i ORC har 0,99 eit eller anna...

Konklusjon:

Good news:
Styrkeforholdet mellom oss og Silje, Fjordfryd og Shantynette er omtrent likt, det er ørelite forbedre mot Sirup og mykje mot Tind som eg håpar er feil for Øystein sin del. Forholdet mot Cloelia er antakelig noko forbedra for oss, båtar som pt er målt inn utan spinnaker er vanskelig å samanlike mot fordi fradrag for seiling utan spinnaker no er betydelig høgare enn før, på FRI er det endra frå 0.01 til 0.06! Det er meir reelt ifht kva du mister av fart altså og eg mistenker derfor at Cloelia vil komme betydelig dårligare ut om spinnakeren måles inn. Lipse som er ein tilsvarande båt som Cloelia med grunn kjøl og spinnaker ligg no over FRI i LYS. Bavariaene har altså fått det tøft i det nye systemet og om ein skal gråte litt for sin syke mor så har ikkje Hansebåtane fått det lett heller, men meir om detaljane i det nedanfor.

Bad news:
Me må no seile mellom 1,5 og 2,5 minutt fortare pr time mot Xanadun, Storm, Mojo, Amalia, Sundance (Ekspressen) og Blåfugl. Dette er sjølvsagt dårlig nytt for FRI som allerede no har hatt det tøft mot fleire av desse...

Klikk på talla nedanfor så får du det klart og tydelig:)



Sin syke mor... og rekrutteringsproblem...
Hanse båtar er ekstremt velseilande og raske båtar skal ein tru LYS og no NOR-rating. 350 modellen kom ikkje særlig bra ut av dette, men enda verre er det for 370 modellen som no ser ut til å ligge godt over Elan 37 i rating, det er jo uforståelig for meg og me får håpe at det er feil.

NOR-rating tar utgangspunktet i båtens potensiale og det må vere stort på Hanse båtane, men når båtane er blant dei rimeligste på markedet er det mykje som manglar før dette potensialet er tatt ut. Det samme gjeld nok Bavaria og ein del andre turbåtane me no ser kjem dårlegare ut, slik er dårlig nytt for rekrutteringa som me jo allerede slit kraftig med...

Eg stusser over at det er satt såpass høg vindstyrke i berekningane av NOR-rating, tallet er rekna ut med 25% i 8 knop vind, 50% i 12 knop vind og 25% i 16 knop vind. All erfaring tilseier at våre kjære turbåtar slit frå 0 til nettopp 8 knops vind og eg trur at litt av problemet no er at lettvindsegenskapane ikkje er hensyntatt...

Vel, eg gler meg no til seilsesongen uansett, ein veit jo med seg sjølv at eit minutt og to på ein time ofte ikkje har dei store utslaga, egne og andres tabbar utgjer ofte mykje meir:)

Ein anna nyhet som kanskje er godt nytt for rekruttering også er at ein no får eit saftig fradrag om ein seglar utan spinnaker/gennaker og slik sett trur eg det kan vere vel så enkelt å hevde seg utan spinn/genn, samtidig er det litt dumt om ein dropper dette artige seilet som gjer det meir utfordrande å seile...

Vel, vel, me snakkast på fjorden!

3 kommentarer:

  1. Ja dette vert spennande! Som NOR Rating skriv på framsida si er det svært viktig å sjekka at det er dei rette regattasegla som er registrert i målebrevet før ein fornyar medlemskap/ målebrev. Eg ser f.eks at X-332 Xanadu har rating 0,952, medan min X-332 har rating 0.968. Er det regattasegla som er registrert i målebrevet?

    SvarSlett
  2. Ja, det er nok fortsatt nokre feil ute og går, ser at du har nok større forseil enn Xanadun, men spinnaker på begge og du ser at den var inkl ved berekninga sinda Xanadun har lågar tall utan enn med spinnaker. Dei som vart målt inn utan spinnaker og som no har fått lagt inn spinnaker har ikkje fått justert opp tallet, men då er tallet for med og utan likt og dermed ser ein at noko er feil...

    Vel, dette systemet og tanken bak er nok bra, min konklusjon til no er at dei har bomma på at ikkje lettvindsegenskapar er tatt høyde for. Eg slit iallefall veldig med båtfart og høyde under ca 6 knop vind og sjølv med ein god bris lokalt er det ofte områder, bak ein holme eller inn mot mål der det er veldig lett vind og forskjellane mellom tur og regattabåtar ofte blir meir synleg...

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette vil alltid vera eit emne for diskusjon, men båteigarane har også eit ansvar for at det er dei rette segla som er registrert og aktivert i målebrevet.

      Slett