søndag 5. mai 2013

Gnuen!


8 av 9 påmeldte stilte til start, knallbra så tidlig i sesongen!
Tørres i Atlanticen med fotograf ombord:)
Siste legget frå Hidle og inn, Silje ogStorm har passert Ystøy,
 me blir 22 min etter Silje og 24 bak Storm, har vore med på verre
avstand:)
Me tapte eit par minuttar ved Hidle og innser at Chablis kjem fort
Alhena, ein Laurin Koster 28 frå 1953 seiler flott og blir
vanskelig å slå på korrigert tid for nokon og ein kvar - Klassesiger!
Litt hektisk rydding i båten før start, her er ein som har
overvintra og kost seg fælt!!!
Med antydning til vår var det magisk å komme utpå! Eg innsåg ikkje kor mykje eg gleda meg til dette før me var i gang.

Supert med 9 båtar påmeldt og 8 startande, det er det dobbelte av vanlig på Gnuen!

Frisk sønnavind gjord Gnuen til ein rask affære i år. Me kom dårlig ut, men tok også starten sidan me i år rasjonalisere og dermed ikkje har folk på land. Uansett fekk me etter litt opp farten, men kom for lavt ved Ystøy og måtte slå. Me slo litt raskt tilbake og kom likevel nært Ystøy, men likevel var me på yttersida av Chablis som var å rota i skråmo, iallefall ikkje langt frå! Vel forbi skaut me fart og var på sida av Xanadu. Me kobla gennakeren, men venta litt med å sette sidan me låg side ved side. Lett å brocha med utrent mannskap og frisk vind 10-12 ms.

Vel, me skar innover, satte gennakeren. Pang, med eit rykk gjorde me 9,5-10 knop på flat sjø. Litt medstrøm hadde me!

Første jibb blei krevande og med diger BH som resultat. Eg såg svart på det, 4-5 gonger rundt forstaget, men Karl Otto trikset med å jibbe storseilet tilbake fungerte fantastisk. 30 sek etterpå var BHen bort og på ny røkka det til og me såg 10 tallet. Nedover til runding hadde me 3 feite brochar med nasa nesten rett sørover igjen. Men ved å gi maks på skjøte kom me på kurs igjen.

Ved runding var me nr 3, knapt ei båtlenge føre Xanadu, X-332. Ved Hidle hadde tatt mykje på Xanadu etter å ha kniva med dei heilt til Huglehammaren. Me slo for tidlig på Hidle og tapte deler av forspranget, men med 7 min føre i mål holdt me dei bak oss. Chablis er lei på kryssen og tok innpå nok til å slå oss på korrigert tid.

Alhena kom inn 44 minutt etter oss, men trebåten frå 1953 med 0.749 i rating banka oss likevel:) Dermed 5. plass OverAll, men eg syns me gjorde mykje bra i dag, tøft å seile gennakeren med utrent mannskap i så mykje vind. Kryssen tilbake var også positiv, så får me dra på regattastorseilet og prøve å få meir ut av det enn i fjor.

Tørres tok mange flotte bilder i dag:) Veldig kjekt og relativt godt dokumentert at me neppe tjente mykje på gennakerseilasen i dag:) Men me fekk den elegant ned då, i det minste:)

http://www.stordseilforening.no/index.php?menyvalg=3&mappe_id=28

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar