torsdag 9. mai 2013

Romsa likevel!

Frisk vind ved brygga på Mjåneset gjorde at me gjekk til Grindanes på Romsa, denne gongen også. Ein sikker vinnar, me fekk siste plass ved flytebryggja og fin hjelp når me la til. Hjelp skal ein alltid ta i mot og greit når det er fralandsvind og ein er åleine.

Ganske greit vêr i dag fram til litt utpå ettermiddagen, fin temp og opplett, men no e da fotsitt kan du sei. Ingen fiskelykke verken med krabbe eller fisk, det er nok for kaldt, ikkje ein gong ei skive med Fjellbrød lokka dei fram:)

Kjekke kara å ha med på tur, merke stor forskjell frå i fjor, ditta e første gongen åleine med begge og da va null stress!:)

Vel, på jobb i morgon sidan det vert ny båttur i neste veke med førskulegruppa i Villvettene:) Da gler eg og Ola oss te!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar