onsdag 29. mai 2013

Tatt av strømmen!



Da va ikkje lett å bli tatt av vinden i dag, strømmen derimot...

Med nyoppussa båt og kevlar på masta var forventningar større enn på lenge og det byrja bra, veldig god start og fin båtfart fram til me passerte Ystøya. Derfrå dabba det meir og meir av og snart låg me med baugen mot nord, medan kurspila på plottaren peika mot sør, som å seile i ei elv.

Det gjekk i hytt og pine eit par timar og til slutt gambla me i rein frustrasjon på å gå nordover for å finna vind. Det gjekk som vanlig fint ei stund, så dabba det av der også, og me var plutselig sist! Det heile enda med vår aller første DNF, me var eit par hundre meter frå Ove kl 21 då makstida gjekk ut. Ove med grodd båt, lurte det til i dag ved å gå høgt ved Ystøya så over og ut av strømmen for så å lure det til inn ved Hidlelandet, smart rett og slett! Chablis gjorde det samme, men Erling Tyse og Roy var i nærheten av oss og kom også i mål så, vel. Kan skal ein stakkar skylde på??? Det byrjar å bli lite anna enn seg sjølv igjen:)

Ei mager trøst var det at me delte skjebne med Cloelia og Xanadun som me heldigvis klarte å ta igjen rett før makstida, det hjalp litt på sjølvtilliten. Cloelia har uansett mykje lågare rating så hadde me alle komme oss i mål hadde det blitt nest siste plass!

Men, da kan berre gå ein veg heretter:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar