lørdag 8. juni 2013

Klassesiger i Stord Rundt!

Det var ikkje fritt for at stemningen steig eit par hakk når me runda Sponavik lykt og såg at Melgesen akkurat gjekk i mål. Med dens mykje høgre rating og resten av båtane i klassen bak oss var det ikkje tvil, dette vart ein flott opptur med vår alle første klassesiger i anna enn Tirsdagseilas!

Etter ein elendig start og heilt sist kom me i gang med Code seilet, ved innløpet til Selbjørnsfjorden byrja ting å gå vår vei, god båtfart og fint trykk i Coden på skarp kurs gjorde at me tok kraftig innpå mange.

Rett før Sigleflu droppa vinden heilt og uten Coden ville det blitt vanskelig, men med nød og neppe klarte me å stå opp over staken med Coden, raskt bytte til den store gennakeren enda med ei herlig vase på rullesystemet på coden som låste fokka bom fast. Då er det godt å ha med faderen som er familiens "vaseekspert" (antakelig fordi han fekk all tolmodighet i familien:). Han vart beordra på dekk og etter ein halvtime på baugen var saken løysten, Puh!!

Turen nedover viste med tydelig kor mykje ein tjener på å kunne gå djupt med gennakeren, me tok igjen mange båtar, Mojo blant anna i vår klasse. Heilt topp å ta igjen Dehler 41en Alibi ved Spissøybrua, nydelig båt sjølv om det var litt spesielt at me faktisk holdt følge med dei heilt til mål. Men gud så den gjekk på kryssen, men det var nok litt lite vind for kryssfokka deira på slutten.

Me valgte å gå ultra skarpt med den store gennakeren frå Store Hestholmen og heilt til Sponavika lykt. Sinnsjukt trykk i greiene og blokka i toppen av masta jamra seg fælt i periodar, men med 82 m2 og over 7 knop på berre 10-15 grader frå maks bidevind blir det belastningar på fallet, ja.. Det var heit på grensa, men det gjekk. Nedtak i motvind gjekk supert og me fekk ut fokka og hadde fin vind inn til mål!






Her er rapporten eg sende til Stordnytt:
Då er del ein av seilerhelga gjennomført. Det vart ein flott seilas, med ypperlige seilforhold, nedover frå Bjelkarøy, fin vind frå vest, nordvest mellom 3-7 ms som stod gjennom natta, no kl 0600 er 32 av 34 båtar i havn.

Det var ein opplevelse å seile nedover Nyleia og sjå alle dei raude og grønne lanternene i nattemørket, sjølv om det vart litt regn på oss:). Mange var nok glade for at vinden ikkje løya slik det ofte gjer i denne seilasen og dermed vart dette ein rask seilas der dei fleste brukte mellom 9 og 11 timar på dei 40 nautiske mila.
 
Mangfoldet i seilasen er fantastisk med flotte klassiske treseilarar, turbåtar, pimpa regattabåtar og sportsbåtar som nermast er forvokste joller. Alle desse kan seile mot kvarandre gjennom eit handicap system kalla Nor-rating som bereknar fartspotensialet til båtane og dermed vert tidene i mål justert ihht dette. Det er nok derfor mange som no ventar i spenning på resultatene:)

Eg legg ved nokre bilder me tok. Mange bilder ligg ute på instagram #stordrundt2013. Resultat kjem snart på http://www.seilmagasinet.no/regatta?regatta=1257

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar