mandag 1. juli 2013

Med båten på jobb:)

Mor og barne er fortsatt i Spania, men eg måtte heim til halvtåravslutning av regnskapet. Men, det har sine fordelar for med tomt hus heime og 6 mil til jobb er det jo berre tull å kjøre fram og tilbake etter lange dagar på jobben, så dermed la eg kursen mot Fitjar søndag kveld og bur no i båten like ved jobben:)

På veg nordover oppdaga eg at motoren hadde slutta å lade, etter litt prøving og feiling fann eg ut at det er dårlig kontakt i ein av koblingane på motoren, litt rikling og plutselig lada det igjen. Vel framme på Fitjar var det tid for diesel og vannfylling, men med oppstart var ladinga død igjen, litt rikling og ting var i orden igjen, men me får sjå i kveld om litt elektrikkerspray i koblingane kan vere nok... Normalt er det sjelden så enkelt, men ein må prøve det enkle fyrst!

Og som ikkje det var nok fungerer ikkje kjøla lengre heller, kompressoren går og går, men mjelka er fortsatt varm. Mistenker at kjølemediumet har lekt ut, perfekt tid for slike feil. MEN, det er enda to veker til båtferien med alle ombord så me får satse på at me får det i orden til dess, må vel ut med heile dritten og få det sjekka ein plass...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar