søndag 28. juli 2013

Møkster

Før me kunne sette kursen mot Møkster måtte me vaske kler, me antok heilt riktig at det ikkje var mulig på Møkster. Me trong også Aqua Soft toalettpapir, ikkje noko anna papir får komme ned i tanken i FRI, me har prøvd med vanlig papir to gonger og begge gangane har tanken tetta seg, med Aqua Soft har det aldri vore noko problem.


Me la oss for fyrste gong i nyehavna på Bekkjarvik, fantastisk flott, me klarte til og med å ligge langs moloen, men på fjære trur eg du må passe på kor du ligg, det såg grunt ut fleire plasser. Enorm forskjell på flo og fjære for tida og veldig stor fjære.

Medan me låg der kom Silje og Mojo med mannskap, dei hadde kurs mot Nord-Vestlandet! Påveg ut såg eg X-Faktor også, skulle tru det var ein regatta i nærheten:)


Her har me fått opp full duk og satt kursen mot Møkster, i det fjerne skimtar Mojo og Silje med kurs nordover. Endelig fekk me seilt litt og turen over til Møkster er jo ALTFOR kort:)
Me hadde melda litt med Sirup og avtalt å møtast tirsdagen, men dei dukka opp i det me tok ned seila utanfor Møkster, veldig kjekt med selskap for både stor og små. På kvelden satte me teiner med ungane etter å ha fiska monster raudnebb og blåskål, aldri har eg sett så mange store beinfisk:) Amalie fekk til og med ein lyr på kroken:) Makrellstim såg me også under brygga, men me fekk ingen av dei!

Det vart igjen hyggelig lag om enn i rolige former før bingen kalla, dagen tann med så fint ver ein berre kan drøyme om:) Teina var til overmål full av kjempestor krabbe, alt er visst større enn normalt her ute:)

Så var det strandliv resten av dagen:) Her er det utrulig flott:) og ungane får utfolde seg så dei heilt gløymer Minecraft og andre spel på div duppeditter!
Flaks at krabbekrølle var litt slapp i fisken:) ellers ville Ola lært at det grepet ikkje er det beste:)

Onsdag skilte me lag med Sirup, dei for til Bergen, me tok ein dag til på stranda før me satte kursen mot Eggøya, litt seint på onsdag ettermiddag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar