lørdag 7. desember 2013

Opplag!

I fjor droppa eg presenningen og skulle seile, det vart TO turar og mykje grønske og slitasje på seil, sprayhood og kalesje. I år er stoda ei anna, med leilighetskjøp på fjellet er det ikkje realistisk med tid til båt før etter påske. 5 veker etter Klasen fekk eg endelig tid til å rigga på Biltema presenningen! Då tok eg også ned forseilet og det ser jo ikkje ut, fult i grønske som er i mellom dei tre laga i laminatseilet så det svarar seg ikkje å sluntre unna!

Presenningen er i største laget, dermed blafrar den lett. I år skulle eg utvikle dette konseptet noko ifht sist, tok dermed av rekkene så den kunne gå over kanten og strammes betre. Samtidig kjøpte eg isolasjonsrør beregna til isolering av rør i hus for å sikre skroget mot slitasje frå tauet til kannene. Med presenningen utanfor rekka er det ikkje anna enn kanner som fungerer. 14 stk kanner skulle vel halde?

Vel, ikkje før er dritten på plass med polstring av bom og div slitasjeplassar på overbygget så meldes det sterk storm!!! Hmm

Det gjekk berre delvis bra, her ser ein beviset på at den flagrer i så strek vind. Bommen forskøyv seg så ting løsna, men med litt meir grundig jobb såg det ut til at det gjekk fint i den siste kula på fredag
Flott ver i dg, var nede å satte inn varmovn for å sikre mot frost, -5 i natt, men fortsatt litt lunk i sjøen så det var 
+2,2 i båten med kun luftavfugter på low, då gir den ingen varme. At det er lunk i sjøen ser ein på at det er +6,7 grader i motorrommet, så har eg tetta vifta for lufting, men utover vinteren sig tempen i motoren og blir det skikkelig kaldt må det varme til i motoren rommet også...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar