tirsdag 17. juni 2014

Årets første Tirsdagseilas!

Endelig fekk me seilt Tirsdagsseilas igjen! Frisk vind frå nord-vest gav utfordingar berre ved å komme seg ut av båsen sidan me ligg så nært land, men sidan Fronta ikkje fekk nok folk i dg fekk eg og Torleif med oss Ole Reinert og ein til og dermed sikra me både ei trygg avmarsj frå båsen og ein flott seilas, god start vert aldri feil og FRI går bra med stikk i skjøte så me runda på 2. plass ved Hesteholmsflua, bak Amelia. Me klarte å å halde Mojo og Silje bak oss på returen sjølv om det knapt var ei båtlengde mellom oss og Mojo i mål. 6,5 min bak Amelia er me nøgde med, sjølv om det nok ikkje held til 1 plass, men eg antar me får 2. pl på korrigert tid, hvis ikkje Alhena lurte oss i dg då ned sitt smekre skrog, men låge rating:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar