søndag 29. juni 2014

Luftetur!

Eg kan ikkje sei eg hadde kniven på strupen i helga, men det var på høg tid å fullføre kjøkkenprosjektet som byrja i Mars!:)

Manglande sokklar, lister, plater under overskap mv har glist mot oss i 3 mnd no! 

Eg sneik meg til ein seiltur onsdag, men torsdag kveld, fredag kveld, lørdag og heile søndag gjekk med! Det var ein lidelse å sjå på alle båtane og det perfekte seilveret:) Men det var deilig å kunne sette kryss i margen for kjøkkenet søndag kveld! 


Vel, klokka vart 21 før eg var i havna og dei siste båtane kom inn etter ei helg på sjøen, heldiggrisar:)

Eg fekk meg ein kort, men flott tur i skikkelig vind, 8,5 knop på FRI e friskt!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar