torsdag 6. november 2014

Årets siste seilas og vinterkonservering med olje og filterskift!

Alle gode ting kjem til ein ende, men no snur snart sola så det er ingen grunn til fortvilelse. Eg avspasserte ein time i dg så eg også skulle få meg ein seiltur før mørket kjem sigande i 1630-1700 tida.

Det bles friskt når eg starta 7-8 ms og med 6 pluss grader var det kjøling, spes sidan tjukkegenseren ikkje var i båten likevel, men med varm kaffi og våtdraktshandskar gjekk det heilt fint, det vart ein snartur rundt Otterøya og heim, det løya ved Otterøya og det passa fint i dg, målet var å seile i ro og fred, ein god tur og veldig mykje kjekkare enn berre å gå i båthavna og berre ta ned seil og varme motor i båsen.

olje og filterskift på 791 timar, 140 timar (652) sidan forrige oljeskift som vart gjort 8. mai 2013, litt lenge, men olja ser nermast ut som ny så ingen fare

Når eg kom i havn tok eg ned begge seilene og lazy bag før eg skifta olje på motoren, heim kl. 1930 stod jobbpcen og venta, sjølvsagt noko som hasta...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar