fredag 8. mai 2015

Gnuen 2015

Fyrste regatta av året, flott vær og fin seilas med Davide og Torleif som mannskap
Me fekk ein bra start, var fyrst ut, om enn litt lavt, største problem vart uansett mangel på båtfart i den lette vinden. 


Her "fyk" Fykerten forbi, heldigvis for oss auka vinden på nedover mot Grovaholmen og holdt seg heilt tilbake til Hidle der det løya igjen. Me var då rett bak Fjordfryd, Fronta var antakelig heime og åt middag, men me hadde seilt forbi Fykerten på kryss etter at den runda 2 min før oss ved Fjæreflu. I stilla etter Hidle tok Fykerten oss igjen og det vart tett mellom Fjordfryd, Fykerten og oss, men med høgast måltall blir ein då ofte sist. Bak kom VillVall med 0,72 og tok seg før alle oss tre og vart nr 2!

Vel, det er håp om betre plassering enn sisteplass når dette er ordna opp i, målet er å komme seg ut mandag så ein er klar til tirsdag og ikkje minst fredag og Stord Shorthanded:) Egentlig syns eg me holdt bra følge med dei andre i Gnuen som alle er ferdig med vårpussen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar