lørdag 16. mai 2015

Stord Shorthanded 2015

Stord Shorthanded, nyvinningen av året i Stord Seilforening, 37 nmil, åleine! Det kjennes i kroppen no, dagen etter, men for ein opplevelse!

Det var det som stod på programmet denne inneklemte fredagen mellom Himmelspretten og 17. mai!

I kjent stil vart det montering av seil og fiks av autopilot seint kvelden før, men då starten gjekk var eg likevel heilt klar, ein ok start ut i den friske brisen frå sør.
Flotte bilder, tatt av Tørres!

FRI har slitt med kryssen, men i dg gjekk det veldig bra, rota seg litt til ved Midtvikøy og brukte altfor lang tid å løsne opp når vinden løya, men på slutten gjekk båten veldig bra i den lette brisen og med berre 3er. Tok kraftig innpå Bav38en som sneik seg forbi der nede ved Midtvikøy!


Alt vel ved runding Bloksene, gennakeren er ferdig kobla på kryssen med line på og ein velfungerande autopilot...

Etter runding var eg rask med å heise gennakeren rett i lanterna på masta, pga vanskeligheter med å sjå kva som skjer på dekk når ein heiser får cockpit, fekk lanterna seg ei lei vridning. Heldigvis ordna det seg fort og eg innsåg som venta at det vart veldig platt og dermed tøft å ikkje tape meir til spinnakerbåtane føre. Baven seilte med gennaker og den gjekk eg forbi, FRI går greit på unnavind i år også:) Alt intakt veldig nøgd med kryssen og avstande ved runding var ikkje ille..., men...

I det gennakeren står fint slår den svikefulle autopiloten til, pipp, pipp, pipp... "Rudder indikator missing". Etter litt skøyning mot begge sider, finn den ut at full rorutslag er det mest fornuftige. Eg får kasta meg over stdby knappen før det går heilt på styr! Bad news, gennaker åleine utan autopilot er utfordrande, men det gjekk. Eg må få gjort noko med problemet med skjøtene framme, dei kiler seg veldig ofte mellom spyd og rulle og då sitt det bra fast ofte. Det vart mykje springing for å løyse dette og så tilbake for å berge styringa som ikkje helt kursen lenge utan den svikefulle i drift:)

Det enda med bhå og rift, men trikset med å jibbe funka som alltid og etter nokre minuttar var det ok og med mindre sjø er det lettare å passe på at skjøtet ikkje kiler seg. 

Det var deilig å endelig komme i mål sjølv om det vart litt stang ut resultatmessig...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar