onsdag 27. juli 2016

Båtferien 2016

Klok av skade frå fjoråret hadde me i år ingen konkrete båtferieplaner anna enn at me reiste om det vart fint ver.

Første del av ferien vart det derfor biltur østover, der fekk me stort sett flott ver og var derfor veldig klar for båttur også i godvær, når me kom heim. Dagen etter at me kom heim satte me kursen mot familieparadiset Eggøya. Nydelig seilas i vestlig bris, 20-24 grader, bar overkropp. Betre blir det ikkje:)
Etter 4 flotte dagar på Eggøya, siste dagen med dagsbesøk av gode venner frå Horten, la me kursen videre til Bekkjarvik på kvelden etter å ha skyssa gjestene til Fitjar igjen, veldig kjekt på Eggøya med godt lag for stor og små:) 

Mykje gummibåtkjøring i den "nye" gummibåten, Suzumar 310 VIB. Litt mjuk, men sleper veldig lett samtidig som den er stor nok for heile familien så derfor passar den oss perfekt, men me må nok få pumpe som kan gi meir dørktrykk! Det at det ikkje er dørk i tre/alu/glassfiber gjer at den er mykje lettare å hive på dekk også!


Bekkjarvik er flott, men som vanleg litt "overfylt" og mykje lott og løye sidan det tross alt var lørdag. Me kasta derfor loss etter frokost søndag mot Møkster! Eit lite paradis, perfekt liv for slaraffenliv og jogging i Maratonløyper for den vesentlig bedre halvdelen min;)
Starten frå Bekkjarvik vart ein veldig rolig, seilas, med 1 knop, men etter brua fekk me flott bidevind og gjekk jevnt 7 knop det korte strekket til Møkster!

Litt spent på om det var plass sidan det hadde vore konsert dagen før, men det var ingen problem sjølv om havna er liten!

Familiefeide vart det også på fotballbanen ved skulen:) 
Egen taxi har dei også:)
Det er lagt til rette flotte turløyper også, gratis, laminerte kart heng i havna
Planen var ei overnatting, men godværet me hadde meir eller mindre hatt frå onsdag til mandag tok ein pause, me vart søkk blaute på veg tilbake frå turløypa og ingen var frista til å legge ut i dårleg ver så me handla middag på lokalbutikken og betalte for ei natt til:)

Tirsdag var veret igjen bra om enn vesentlig kaldare enn tidlegare. Seil vart satt rett utanfor moloen på Møkster, med perfekt vindretning og styrke for ein rask seilas til Bergen og møte med gode venner onsdag. Bergen fornekta seg ikkje, i det me hadde fortødd og fått på kalesjen bøtta det ner, det har det gjort meir eller mindre i heile dag onsdag også og med dårlege meldingar videre legg me kursen heim i morgon, i eit strekk, då har me vore på tur i 8 dagar så me får sei oss nøgd med det i år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar