fredag 22. juni 2018

Dag 14: Mannskapsbytte

I dag reiser pappa heim og June kjem opp og blir med, iallefall ei veke opp til Bodø. Kanskje får me det til slik at ho kan vere med på Vestfjordseilasen også, som eg har store planar om å delta i!


I dag er det surt vèr så heilt greit å nytte dagen til bringing og henting av mannskap! 

Me har 20 dager leigebil frå eit tidlegare bilkjøp. Dette har me ikkje hatt behov for tidligare i særlig grad, men det passar perfekt når du er på ein slik tur! Eg såg difor på kvar Hertz hadde lokasjon og første etter Trheim var  Rørvik. Det passa ikkje å bytte i Trheim så dermed vart det Rørvik. Litt overraska vart eg jo når eg innsåg at det jo er 300 km til Værnes, så gode 600 km i bil i dag altså;)! Men me er meir vant med lange bilturer enn båtturer så det går bra!

Når svensken i Hertz Rørvik spør om du vil ha ein «kul grei» eller en «skåp bil» så velg «ein kul grei»;) Volvo V60 D6 TwinEngin er faktisk ein «kul grei», som ørlite bilinteressert vart dette ein opptur, joda eg har konvertert til elbil for lengst, men ein illsint 5 cyl D6 i kombinasjon med elmotor og nesten 300 hk samt svært så stødige kjøreegenskaper vart det ein rein glede å suse nedover til Værnes:) 

Av rein nyskjerrighet lader eg medan eg venter i Stjørdal:)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar