torsdag 14. juni 2018

Dag 6: Værfast i Ålesund

Ja, som ein har skjønt no blir det to ekstra dagar i Ålesund pga stormen. Ikkje verste plassen å bli liggjande, ein utrulig fin by, som osar maritime tradisjoner.

Heimekontor i dg til kl 14 då tulla nettet så mykje at det var berre å gi opp, men god dekning og hastighet før det! Nok arbeid i morgon også så ikkje krise at me vart liggande, men storm i Juni hadde eg ikkje trudd me skulle få, litt av grunnen til tidlig avreise var å unngå stormar ein kan få i August på eit litt uheldig år... Vel, me får ta det me får. Fleire lavtrykk på veg i neste veke, men bør gå greit å komme seg rundt Husavika søndag


Me har gjort betydlig meir klart for storm enn naboen føre på 46 fot, men i kjend stil skortar det ikkje på taumar når Bjoris fortøyer, spesielt ikkje for storm;)



Skikkelige turistar i dg, 418 trinn opp Aksla er absolutt verd turen! Bacalao i morgon på XL Dinner, pizza på Anno i dg:) 

Ellers imponerande mykje turistar i byn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar