fredag 20. juli 2018

Dag 42: Harstad (0 nmil)

FRI får 3 dagar velfortjent FRI no, me er på hyttetur på Tjelløya saman med tante til June og mannskap Ulf som var med frå Bodø og seilte Vestfjordseilasen samt seilte samme med meg frå Svolvær til Lødingen.

Me fekk låne båt i dag og det var ikkje vanskelig å få fisk nei:) Fin rugg av ein torsk ja:)


FRI har fungert fantastisk bra og det er ikkje skrudd ein skrue sidan me forlot Stord! Me har dog no eit strømproblemer som har komme snikande sidan i fjor med stadig fallande volumer samme strømforbruk... No er det slik at ein dag utan landstrøm er eit problem, hvis varmer, kjøle, TVetc stå på...

Eg håpar å få sjekka dette ut søndag kveld, håpet er at det berre er eit av dei 3 batteriene som er ødelagt og dermed drar dei andre med seg. Dvs at me kan ta dette bort og være hjulpen til me er heime iallefall.

Hvis ikkje fristar det veldig og hive ut dritten og sette inn eit Litium batteri. Eg ser at eg har nok med eit 100 A, det veg 12 kg og gir i praksis like mykje som dei 3 110A eg har... Eg sparer 110 kg også, problem er at eg flytta heile batteribanken frå babord til styrbord for å få bort slagside båten hadde som ny... Vel, me frå sjå kva me finn ut...

Me fiska til langt på natt i går uten hell, for lite vannføring i elva gjer at stor-fisken ikkje kjem seg opp i vatnet, men veldig trivelig likevel med bålkos og kokkaffi/pølser

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar