mandag 30. juli 2018

Dag 53: Rørvik-Halten (62 nmil)

Opp tidlig for å levere bil, la ut kl 07, nydelig vèr, skal bli skamvarmt i dag også, men foreløpig er det «berre» 18 grader!


Grinna fyr


Kanon seiling:) 30 grader og svalende bris, me snakker absolutt seiling frå øverste hylle her:) Jevnt 7,5 knop, fyttigrisen så deilig!


så vart det havblikk... og motor igjen, men me tar det me får og stoppar motor med ein gang me har litt vind for å få seilt mest mulig, Stokksundet kjem me no fram til ein eller gang uansett!


Endring i planane, me har lagt til havs istadenfor indre lei over Frohavet eller Folda som det kalles, Halten fyr er den ytterste nøgne ø og i dette vèret trur eg det blir ein opplevelse:) ETA ca kl 18


Halten fyr i sikte, som ved passering av Vestfjorden dukkar også Halten opp ved ca 12 nmil igjen, slik Myken gjorde:) Her ser me godt kystlinja som ligg ca 14 nmil frå Halten, det blir spennande å sjå om Havneguiden stemmer slik at me kan overnatte her ved flytebrygger. Hvis ikkje kan det bli ein lang dag:) Men det går nok fint for her ute har det vore eit stort fiskevær, faktisk med eget sykehus i si tid:)


Stakkars Yanmaren måtte jobbe mange timar i dag også, vinden forsvant heilt etter Buholmsråsa...

Eg blir aldri lei av nye plassar, Halten er igjen noko heilt eget, graskledd tun mellom knøttsmå hus som klorar seg fast i det ytterste havgapet:) Det byrjar å bli veldig mange kryss på lista eg laga meg i vinter over plasser eg ville oppleve:)

Fint å ligge ved flytebrygga her forresten så ingen problem. No er det meldt 15 meter i sekunde i korte perioder i natt og i morgon tidlig så det kan jo bli interessant her ute:)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar